📍Sogndal Kulturhus
(Storsalen)
Bli med barnas favoritt Kokosbananas inn i eit univers som feirar fantasiens og forteljingas skapande kraft!
På scena står Rolf Magne Golten Andersen, mannen bak Kokosbananas-karakteren som har blitt eit fast innslag hjå mange barnefamiliar dei siste åra.
Kokosbananas er ein liten oppfinnar som bur saman med Mamma Banana, Pappa Kokos og veslesystera Baby Koko. I oppfinnarskuret sitt lagar Kokosbananas dei villaste oppfinningane, noko som alltid får han opp i rare og komiske situasjonar.
Rolf Magne har skrive både lyd- og papirbøkene om Kokosbananas, og det er også han som gir liv til dei karakteristiske stemmene. I dette showet blir publikum invitert inn i Kokosbananas-forteljingane som boblar over av leik og rare påfunn. Og det blir vel ikkje eit ekte Kokosbananas-show utan at det dukkar opp ei oppfinning eller to!
Passar for born frå 3 til 9 år, men er òg moro for storesysken, foreldre og besteforeldre!
Illustrasjonar: Victoria H. Hamre
Koreograf: Sofie Øren
Stad: Storsalen, Sogndal Kulturhus.
Dato og tid: Laurdag 30. august kl. 13:30.
Varigheit: cirka 45 minutt.