Arrangement i regi av Folkeakademiet VEST og Glesnes ungdomslag.
Folkeakademiet er 140 år! Vi feirer dette ei heil veke, og ynskjer velkomen til Gymsalen på Glesvær.
Dørene opnar kl 12:00 og alle må ha billett grunna oversikt og tryggleik.
12:00 Velkomen inn. Registrering for Natursti og løype ute i nærområdet.
13:00 Musikkstund med Elona.
13:30: KOKOSBANANAS: Gøyal høgtlesing med Rolf Magne Golten Andersen, forfatteren av "KOKOSBANANAS", som også har alle stemmene i dei populære lydbøkene om Kokosbananas på Storytel og NRK. Kokosbananas er ein heilsprø liten oppfinnar som bur i den koselige bygda Nøttvik med familien sin, Mamma Banana, Pappa Kokos og lillesøstera Baby Koko. Forfattaren les høgt og får hjelp frå barna til å lage lydeffektar, så vi saman kan lage ei skikkeleg gøyal lesestund!
Passar fra 3 år.
14:45 Rytmeleik med Elona Trekning av premiar for natursti.